50 års markering for Tokkeutbygginga
Ein har lenge jobba med planar om eit 50 års jubileum for denne store utbygginga. I 2002 vart det sett ned ei nemnd som skulle jobbe med denne markeringa. Desse sit i nemnda: Tor Strømme, leiar og Ragnvald Christenson frå Vinje kommune, Astri Holter og Knut Storøygard frå Tokke kommune, Torbjørn Lyngestad og Olav Godtland frå Statkraft, Karl Torstein Hetland og Geir Ekre frå Vest-Telemark ressurssenter. Geir Ekre er prosjektleiar.

Vest-Telemark museum
Prosjektet tok tidleg kontakt med Vest-Telemark museum for å involvere dei i planane for jubileet. Me meinte at museet kunne bidra med kompetanse i samband med utstilling og dokumentering. Museet på si side synte stor interesse for prosjektet. På desse møta drøfta me ei ny permanent utstilling på museet, utstilling i tunnelen på Kraftstasjonen på Dalen og mobile plakatutstillingar. Det vart utarbeida særskilte søknader til Statkraft og Vest-Telemark kraftlag for å lage nye utstillingar.

I juni 2006 sto utstillinga ferdig på Vest-Telemark museum. Det vart ikkje noko utstilling i kraftstasjonen, nye sikkerhetsreglar for sllike anlegg sette ein stoppar for det.

Vest-Telemark museum.


 
Bilete og dokumentasjon

Under heile Tokkeutbygginga hadde NVE sin eigen fotograf, Jostein Granli, til å dokumentere. Dette bildearkivet har seinare vore oppbevara i Statkraft sine arkiv. Det var på høg tid å bevare dette unike arkivet for ettertida. Nemnda sette ned ei eiga bildegruppe for å arbeide med dette og bilete frå andre kjelder. Innan 2006 reknar me med å ha ein database på om lag 1000 bilder. Denne basen skal ligge under museet og etter kvart gjerast tilgjengleg på internett. Statsarkivet har eigedomsretten til orginalane og vil ha ansvaret for oppbevaring av desse.
Mange private har levera bilete til prosjektet. Me skal syte for at desse kjem inn i same basen som Statkraft-bileta. Det er óg samle inn avisutklipp og filmar frå anleggsperioden.


Skuleprosjekt
Nemnda ser det som viktig å engasjere skulane i dette prosjektet. På initiativ frå Torbjørn Lyngestad, Statkraft og Karl Torstein Hetland, Vest-Telemark Ressurssenter er det sett i gang eit prosjekt der ein i fyrste omgang vil lage eit nettverkssystem med tema energi mellom skulane i Vest-Telemark. Skulane fekk ei orientering i 2004 om kva mogleghetar som ligg i dette nettverk. Status i dag er at alle skulane i Vest-Telemark har meldt seg inn i dette nettverket. Føremålet med nettverket er knyte skulane saman innan naturfag og energi.


Skulenettet er no fullfinansiert til eit nasjonalt nettverk ”Energinettverket”, med Statkraft som ein sentral aktør.



Biletkveldar
Som nemnt tidlegare finnest det mange bilder i Statkraft-arkivet og privat. Nemnda ser det som svært viktig å dokumenter dette materialet. For å få til dette arrangerast det bildekveldar på ulike stader i Vest-Telemark.

Bilete t.h. er frå ein biletkveld på Statkraft på Dalen i juni 2005  i samband med Dalsmarken. Eit frammøte på omlag 70 tyder på at interessa for dette prosjektet er stor.
På dette møte kom det inn ein god del bilete og kjelder me må arbeide vidare med.

Historielaga i Vest-Telemark
Nemnda har tatt eit initiativ til å jobbe mot historielag i Vest-Telemark. Ein synest det er viktig å få fram historiar rundt frå anleggsperioden. Det er óg viktig å koordinere dette mot arbeidet med boka.

I oktober 2004 kalla Nemnda inn til eit fellesmøte med alle historielaga i Vest-Telemark. Desse møtte: Tokke historielag, Rauland historielag, Vinje historielag og Sullamrei historielag. Frå laga møtte 8 personar. I tillegg var Vest-Telemark museum, Vest-Telemark vidaregåande skule, Statkraft og Nemnda representera.
Bakgrunn for møte var å legge opp til eit samarbeid og avdekke kva planar historielaga har med markering av jubileet.

Historielaga vil i sine årbøker for 2006 ha stoff frå anleggstida.

Kalender
Nemnda har sett det som viktig å synleggjere jubileet på førehand. Historiske kalendrar er alltid populære. Her kan ein kombinere historie og marknadsføring under eitt. Salet av kalendrane og inntektene er kjem skulane til nytte.

Andre kalenderen i denne serien vart lagt ut for sal i starten av desember. Denne gongen var det 9. kl. ved ungdomsskulane som skulle selje kalenderen til inntekt for skuletur. Opplaget i 2003 var 600 ex. Dette opplaget var fordela på denne måten: Rauland skule, Åmot skule og Høydalsmo skule 100ex, Tokke skule 150 ex. og Edland skule 50 ex. Prisen ut er kr. 100,- og av dette sit skulane att med 70,- pr. kalender. Dersom alle 500 ex. vert solgt sit skulane att med kr. 35.000,- til turar og det er eit resultat som både skulane og Nemnda må vere nøgde med.
 

  Kalender 2004                             Kalender 2005


I 2006 kjem siste kalenderen i denne serien med bilete frå utbyggingstida.

Nemnda for markering av Tokkeanlegga 1956-2006 - post@tokkeanlegget.no